Studiespesialisering

Ønsker du å studere på høgskule eller universitet? Då er studiespesialisering for deg. Du kan velje mellom realfag og språk, samfunnsfag og økonomi. 

Kvifor velje studiespesialisering? 

Du lærer

Avhengig av fagvala dine:

  • matematikk og andre realfag
  • leiing og økonomi
  • historie, politikk og psykologi
  • språk
  • andre teoretiske fag

Du bør vere

  • interessert i å arbeide med teoretiske fag
  • samarbeidsvillig, strukturert og sjølvdisiplinert
  • interessert i å skrive eller rekne
  • interessert i kultur- og samfunnsforhold

Les meir om studiespesialisering på vilbli.no

Kvifor velje Sauda vidaregåande skule?

Ved Sauda VGS er det eit godt skulemiljø, og klassar av passe størrelse slik at du får kontakt med dine medelevar, og slik at lærarane kan følge deg opp og hjelpe deg fram. I tillegg til faga som vert tilbydd lokalt, har du og moglegheit til å velge fag som du tek som nettfag i Vg2 og Vg3.

Skulen tilbyr fransk, spansk og tysk som framandspråk.

Når me spør elevane ved skulen kvifor dei har valt studiespesialisering, trekk dei fram fleire ting:

  • Studiespesialisering gir stor valfridom innan høgare utdanning seinare
  • Godt klassemiljø
  • Undervisning saman med elevar frå idrettsfag og yrkes- og studiekompetanse (YSK) i ulike fag gjer at du blir kjend med mange. Dette skapar trivsel og variasjon
  • Ein timeplan som kan kombinerast med kveldsjobb, fritidsaktivitetar og dagpendling frå Suldal
  • Gode gruppestørrelsar og tett oppfølging frå lærarane
  • Variert undervisning og engasjerte lærarar som «ser» elevane

I 2019 vann Lisa Stornes, som er lærar ved skulen, Gullepleprisen for innovativ bruk av IKT i undervisninga, mellom anna på grunn av god bruk av Classcraft og Flipgrid i undervisninga.

Søke skuleplass

Første året - Vg1  

Du går på skulen i tre år, og du må ha både fellesfag og programfag i løpet av dei tre åra. På Vg1 er alle faga fellesfag, men du vel kva for eit framandspråk og kva for ein type matematikk du vil ha. Det er 30 timar undervisning i veka i ulike fag.

Vg1

Andre året - Vg2

På Vg2 har du færre fellesfag. I tillegg til fellesfaga, vel du tre ulike programfag der minst to må vere innanfor ditt programfagsområde. Du kan velje mellom realfag og språk, samfunnsfag og økonomi.

Du har 15 timar fellesfag og 15 timar programfag frå programområdet du har valt per veke. På Vg2 må du ha minimum 30 timar for å få godkjent vitnemål.

Vg2

Tredje året - Vg3

På Vg3 fortset du med to av programfaga du valde som fordjuping på Vg2. I tillegg står du fritt til å velje eit tredje programfag.

Du har totalt 30 timar undervisning per veke, 15 timar fellesfag og 15 timar programfag.

Vg3

Vegen vidare

Du får studiekompetanse og kan ta høgare utdanning. Det betyr at du kan søke dei fleste studium ved høgskular og universitet. 

Husk at nokre studium kan ha spesielle opptakskrav. Dette bør du sjekke, før du vel fag.

Du finn søknadsfristar og krav på samordnaopptak.no

Til toppen