Teknologi- og industrifag

Har du praktisk sans og godt handlag? Er du interessert i å arbeide med teknologisk utstyr? Dette utdanningsprogrammet er vegen til ei rekke spennande yrke. 

Kvifor velje teknologi- og industrifag?

Du lærer 

  • om produksjonsplanlegging og produksjonsprosessar
  • om automatisering og programmering av robotar
  • om maskiner og produksjonsutstyr
  • om køyretøy og transport
  • om kjemiske prosessar og kjemiteknikk
  • om helse, miljø og tryggleik

 Du bør

  • ha anlegg for praktisk arbeid og ha godt handlag
  • vere sjølvstendig og nøyaktig
  • vere interessert i ny teknologi

Les meir om Teknologi- og industrifag på vilbli.no

Kvifor velje Sauda vidaregåande skule?

Skulen har eit godt samarbeid med lokal industri, noko som gjer at utstyr og undervisning vert godt tilpassa det arbeidslivet etterspør, samt at utstyret ein vert opplært i og er å finne ute i industrien.

På Vg2 tilbyr skulen programområda Industriteknologi, Kjemiprosess- og laboratioriefag og Transport og logistikk.

I 2022 var det inga venteliste for å komme inn på faget. Sjå sidene om karaktersnitt og poenggrenser.

Søke skuleplass

Første året – Vg1 

Utdanninga til dei fleste yrka tar normalt fire år. Du går dei to første åra på skule. Etterpå er det to år opplæring i bedrift som lærling. Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg slik at du får studiekompetanse.

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har 12 timar i fellesfaga og 23 timar i programfaga.

Andre året – Vg2

Du fortset opplæringa innan utdanningsprogrammet du valde på Vg1. På Vg2 vel du retning, og du kan velje mellom dei programområda som finst på utdanningsprogrammet du har valt. 

Du har 35 timar opplæring per veke både i fellesfag og programfag. Du har ni timar i fellesfaga og 26 timar i programfaga.

Tredje året – Vg3

Du blir normalt lærling og fortset opplæringa i ei godkjend lærebedrift. Læretida er to år, og når du er ferdig med læretida kan ta fag- og svennebrev

Bli lærling

Du har òg moglegheit til å ta Vg3 påbygg for å få studiekompetanse. Dette kan du gjere etter at du har tatt fag- og svennebrev eller etter Vg2.

Vegen vidare

Yrkesfagleg opplæring fører fram til yrkeskompetanse (med eller utan fag- eller svennebrev). Du kan gå ut i arbeid eller ta vidare utdanning etter at du har fullført yrkesfagleg opplæring.