Spesialundervisning i lita gruppe, organiseringsform arbeidstrening

Arbeidstrening er eit tilbod for deg som har behov for individuelt tilpassa tilrettelegging i mindre grupper.

Opplæringa har som mål å kvalifisere eleven til eit tilrettelagt arbeid i arbeidsmarknadsbedrift eller ordinær bedrift, og fører fram til eit kompetansebevis som dokumenterer eleven sin sluttkompetanse.

Opplæringa er forankra i læreplanens generelle del og fagplanen for utdanningsprogrammet eleven er tatt inn på. Det kan og vere aktuelt å hente opplæringsmål frå andre læreplanar i Kunnskapsløftet.

Skulen tek og inn elevar med behov for omfattande tilrettelegging («Hverdagslivstrening»)

Målgruppe

  • Elevar med tilrettelagt arbeid som mål etter skulegang
  • Elevar med store generelle lærevanskar eller psykisk utviklingshemming
  • Elevar med oppfølgingsbehov både i og utanom skuletida
  • Elevar som har behov for tilrettelegging for både fagleg og sosial utvikling

Målsetting

  • Kompetanse som vil kunne gi eleven meiningsfylt arbeid
  • Kompetanse som vil kunne gjere eleven i stand til å verte mest mogleg sjølvstendig i daglege gjeremål/busituasjon
  • Utvikle positive haldningar/sosiale ferdigheiter
  • Oppleve meistring
  • Arbeidstrening på og utanfor skulen

Organisering

Tilbodet er organisert i grupper med redusert elevtal og går føre seg i tilrettelagde undervisningslokale, med høg vaksentettleik. I opplæringa vert det lagt vekt på kommunikasjon, dagleglivets aktivitetar, grunnleggande - og sosiale ferdigheiter.  Dei sosiale ferdigheitene me fokuserer på er ferdigheiter som elevane treng for å meistre jobb og ha eit godt sosialt liv.

Elevane vert gjevne opplæring etter individuell opplæringsplan (IOP), med utgangspunkt i den enkelte elev sitt funksjonsnivå og utviklingsmoglegheiter. IOP-en byggjer på sakkyndig vurdering frå PPT og enkeltvedtak om spesialundervisning.

Personalgruppa vår består av lærarar, miljøarbeidarar og vernepleiarar.

Du kan og lese meir om organiseringa av undervisninga.

Arbeidsmåtar

  • Jamleg samarbeid med heim og andre samarbeidspartnarar/ansvarsgruppemøte
  • Kontaktbok mellom heim/skule/avlasting ved behov
  • Arbeidsoppgåver som er lagde til rette for eleven, og støtte frå personale
  • Tydeleg struktur gjennom skuledagen
  • Tydelege tilbakemeldingar
  • Arbeide etter dagsplan
  • Praktisk arbeid på og utanfor skulen
  • Opplæringsavtalar
  • Nytte nærmiljøet som opplæringsarena
  • Ungdomsbedrift

Elevane har totalt 842 årstimar (studiespesialiserande programområde) eller 891 årstimar (yrkesfaglege programområde).