ToppVolley NorgeHar du eit mål om volleyballferdigheiter på internasjonalt juniornivå, kan du kombinere trening og undervisning ved Sauda VGS. Kvifor velje ToppVolley? Du får trening av profesjonelle trenarar vidaregåande utdanning bu på internat med medelevar fasiliteter i gangavstand, inkludert innandørs sandvolleyhall Du bør vere interessert i volleyball ha eit ønske om ferdigheiter på internasjonalt juniornivå Dette er eit unikt landsdekkande tilbod, og er å finne på vår avdeling Sand. Høyrest det spennande ut kan du sjekke Facebooksidene til Toppvolley Norge. Heimesida til ToppVolley Norge Programfag På Vg2 og Vg3 kan du velge dei same programfaga som dei som går på studiespesialisering. Du finn ei oversikt over dei tilgjengelege faga på vilbli-sida til skulen. I tillegg til faga som er lista opp der, har du og moglegheit til å ta ein del fag som nettfag. Sist endra 16.01.2023 10.49