Eksamensførebuande kurs i kjemiprosessfagetSkulen si avdeling for vidaregåande opplæring for vaksne tilbyr eit eksamensførebuande kurs i kjemiprosessfaget, med oppstart i april 2026. Publisert 18.02.2026 09.07 Sist endra 18.02.2026 09.10 MålgruppeKurset er for deg med praksis innan kjemiprosessfaget og som ønsker å ta fagbrev. Kurset dekker måla i læreplanen for Vg3 kjemiprosessfaget, og har som mål å førebu deltakarane på praksiskandidateksamen, den offentlege eksamen som ein må bestå før den praktiske fagprøven.KursinnhaldHMS og KvalitetssikringBransjelæreProduksjon og vedlikehaldAutomatiserte anlegg og flytskjemaMåleteknikk (måling av turtal, trykk, temperatur, nivå og strømning)ReguleringsteknikkPådragsorganerRoterende utstyrGrunnleggende kjemiBearbeiding og blandingSeparasjonsmetoderGassrensing og separasjon av gassblandingarLæreplanLæreplan i vg3 kjemiprosessfaget (KJP03‑02) https://www.udir.no/lk20/KJP03-02EksamenKJP3103 – november 2026UndervisningGjennomgang av teoriOppgåveløysingFørebuing til eksamenPraktisk informasjonKurset i seg sjølv er gratis, men du må betale ei avgift for å gå opp til eksamen. Du får låne det læremateriellet du treng, men du må stille med di eiga datamaskin. Praktisk info automatiseringskursEmneInformasjonDatoOppstart 21. april 2026TidspunktTysdag, 17:30–20:00StadSauda vgs avd. Lofthus: Rom 151InstruktørCharles Hauge, Eramet Norway SaudaPrisEksamensavgift på ca. kr 1500,- Spørsmål og påmeldingFrist for påmelding er 10. april 2026.Påmelding herSend epost til eller ring Kristin Bruknapp på Kristin.bruknapp@skole.rogfk.no eller 951 24 899 for meir informasjon.(Illustrasjonsbilete: KI)
Elevundersøkinga hausten 2026 Elevundersøkinga hausten 2026 føregår i perioden 19.10.2026 til 13.11.2026
Finn tilsett ved Sauda VGS er under vedlikehald Per 9.9.2026 er finn tilsett ved Sauda VGS under vedlikehald. Truleg vil du kunne finne tilsette på torsdag eller fredag 10.9/11.9.
Me er med på det nyetablerte Ryfylke utdanningssenter IKS Ryfylke utdanningssenter IKS er det nye regionale kraftsenteret for kompetanse og utdanning i Ryfylke.
Vil du verte sjukepleiar i Ryfylke? Frå hausten 2026 startar det distriktsvennleg sjukepleiarutdanning i Ryfylke – og du kan kvalifisere deg gjennom Sauda vgs!
Datamaskin hausten 2025 Elevar som skal byrje i Vg1 for første gong hausten 2025 kan fram til 30. november bestille datamaskin gjennom fylkeskommunen.
Tofaktorautentisering for elevar Du som elev må nytte autentiserings-appen til Microsoft for å logge deg på Office heimanfrå.