Eksamensførebuande kurs i kjemiprosessfaget

Skulen si avdeling for vidaregåande opplæring for vaksne tilbyr eit eksamensførebuande kurs i kjemiprosessfaget, med oppstart i april 2026.

Målgruppe

Kurset er for deg med praksis innan kjemiprosessfaget og som ønsker å ta fagbrev. Kurset dekker måla i læreplanen for Vg3 kjemiprosessfaget, og har som mål å førebu deltakarane på praksiskandidateksamen, den offentlege eksamen som ein må bestå før den praktiske fagprøven.

Kursinnhald

  • HMS og Kvalitetssikring
  • Bransjelære
  • Produksjon og vedlikehald
  • Automatiserte anlegg og flytskjema
  • Måleteknikk (måling av turtal, trykk, temperatur, nivå og strømning)
  • Reguleringsteknikk
  • Pådragsorganer
  • Roterende utstyr
  • Grunnleggende kjemi
  • Bearbeiding og blanding
  • Separasjonsmetoder
  • Gassrensing og separasjon av gassblandingar

Læreplan

Eksamen

  • KJP3103 – november 2026

Undervisning

  • Gjennomgang av teori
  • Oppgåveløysing
  • Førebuing til eksamen

Praktisk informasjon

Kurset i seg sjølv er gratis, men du må betale ei avgift for å gå opp til eksamen. Du får låne det læremateriellet du treng, men du må stille med di eiga datamaskin.

Praktisk info automatiseringskurs
EmneInformasjon
DatoOppstart 21. april 2026
TidspunktTysdag, 17:30–20:00
StadSauda vgs avd. Lofthus: Rom 151
InstruktørCharles Hauge, Eramet Norway Sauda
PrisEksamensavgift på ca. kr 1500,-

Spørsmål og påmelding

Frist for påmelding er 10. april 2026.

Påmelding her

Send epost til eller ring Kristin Bruknapp på Kristin.bruknapp@skole.rogfk.no eller 951 24 899 for meir informasjon.

(Illustrasjonsbilete: KI)

Artikkelliste

Viser 21-25 av 25 artikler, side 3 av 3