Eksamensførebuande kurs i kjemiprosessfagetSkulen si avdeling for vidaregåande opplæring for vaksne tilbyr eit eksamensførebuande kurs i kjemiprosessfaget, med oppstart i april 2026. Publisert 18.02.2026 09.07 Sist endra 18.02.2026 09.10 MålgruppeKurset er for deg med praksis innan kjemiprosessfaget og som ønsker å ta fagbrev. Kurset dekker måla i læreplanen for Vg3 kjemiprosessfaget, og har som mål å førebu deltakarane på praksiskandidateksamen, den offentlege eksamen som ein må bestå før den praktiske fagprøven.KursinnhaldHMS og KvalitetssikringBransjelæreProduksjon og vedlikehaldAutomatiserte anlegg og flytskjemaMåleteknikk (måling av turtal, trykk, temperatur, nivå og strømning)ReguleringsteknikkPådragsorganerRoterende utstyrGrunnleggende kjemiBearbeiding og blandingSeparasjonsmetoderGassrensing og separasjon av gassblandingarLæreplanLæreplan i vg3 kjemiprosessfaget (KJP03‑02) https://www.udir.no/lk20/KJP03-02EksamenKJP3103 – november 2026UndervisningGjennomgang av teoriOppgåveløysingFørebuing til eksamenPraktisk informasjonKurset i seg sjølv er gratis, men du må betale ei avgift for å gå opp til eksamen. Du får låne det læremateriellet du treng, men du må stille med di eiga datamaskin. Praktisk info automatiseringskursEmneInformasjonDatoOppstart 21. april 2026TidspunktTysdag, 17:30–20:00StadSauda vgs avd. Lofthus: Rom 151InstruktørCharles Hauge, Eramet Norway SaudaPrisEksamensavgift på ca. kr 1500,- Spørsmål og påmeldingFrist for påmelding er 10. april 2026.Påmelding herSend epost til eller ring Kristin Bruknapp på Kristin.bruknapp@skole.rogfk.no eller 951 24 899 for meir informasjon.(Illustrasjonsbilete: KI)
Me er med på det nyetablerte Ryfylke utdanningssenter IKS Ryfylke utdanningssenter IKS er det nye regionale kraftsenteret for kompetanse og utdanning i Ryfylke.
Elevundersøkinga hausten 2025 Elevundersøkinga hausten 2025 føregår i perioden 20.10.2025 til 14.11.2025
Vil du verte sjukepleiar i Ryfylke? Frå hausten 2026 startar det distriktsvennleg sjukepleiarutdanning i Ryfylke – og du kan kvalifisere deg gjennom Sauda vgs!
Datamaskin hausten 2025 Elevar som skal byrje i Vg1 for første gong hausten 2025 kan fram til 30. november bestille datamaskin gjennom fylkeskommunen.
Tofaktorautentisering for elevar Du som elev må nytte autentiserings-appen til Microsoft for å logge deg på Office heimanfrå.
Ny avdelingsleiar May Karin Andersen tek over som avdelingsleiar for ambulanse, helse- og oppvekstfag og tilrettelagt opplæring.
Tilsette med rusførebyggande opplæring Skulen har tilsette som har fått auka kunnskap om rusmiddel og dataspel.
Skulen sertifisert som Miljøfyrtårn Våren 2023 vart Sauda vidaregåande skule sertifisert som Miljøfyrtårn – det gjeld og avdelingane på Sand og Birkeland.