Fritid

Enten du trivst best innan- eller utandørs, har Sauda noko å by på gjennom heile året.

To personar som ror i kano. - Klikk for stort bilde Per Inge Fjellheim

Vinterstid kan du ta turen til Sauda Skisenter i Svandalen - deler av året går det skibuss direkte til trekket. Rundt om i Saudafjella er det og andre fine turterreng, både merka og umerka.

Resten av året er det kort veg til turterreng, bading og fiske. Golf er og ein moglegheit dersom du er interessert i det.

Sauda har mellom anna innandørs (og utandørs) svømmehall og treningssenter, dei dagane vergudane ikkje er i humør. Ellers er det god variasjon i forretningar dersom du kunne tenke deg ein handledag.

Du treng ikkje sitte åleine på hybelen etter at skulen er slutt, det finnes mange lag og organisasjonar der du kan driva med dine interesser saman med andre likesinna.

Hugs at og skulen frå tid til annan arrangerer ting for elevar, som mekkekveldar, elevkveldar på Alfred, open gymsal og styrketreningsrom, kveldskøyring til Svandalen og anna.

Du kan finne meir informasjon på sidene til Sauda Ferie & Fritid.

Til toppen