Velkommen som ny elev

Du har fått tilbod om skuleplass ved Sauda vidaregåande skule for skuleåret 2025/2026. Me håpar du vil ta i mot plassen hjå oss slik at me kan ønske deg velkommen som elev til ei lærerik og kjekk skuletid.

Ta imot plassen

For å ta imot plassen må du:

  1. Svare elektronisk på søkesida Vigo. Hugs svarfrist.
  2. Møte opp på skulen første skuledag, tysdag 19. august klokka 08:10. Dei som skal gå på skulen sine avdelingar i Sauda møter på skulen sin avdeling på Lofthus, Griegs gate 40. Dei som skal gå på ToppVolley Norge møter på skulen si avdeling på Sand til same tid. 

Merk at dette ikkje gjeld elevar som byrjar på Vg4 Påbygg. Informasjon om oppmøte der finn du lenger nede på sida. 

Lærlingar som skal gå på 19 vekers kurset for yrkessjåførar vil og få eigen informasjon.

NB: Du må møte opp første skuledag av skuleåret. Dersom du ikkje møter opp, og ikkje har godkjent grunn, mister du skuleplassen. Er du sjuk første skuledag har du plikt til å melde frå til skulen snarast mogleg og seinast innan oppmøtetidspunktet den første skuledagen. Du må kunne vise legemelding som dokumenterer at du er sjuk.

Du har fleire måtar å komme deg til Sauda og Sand på.

Ved skulestart/informasjonsmøte

Dersom du ønsker ei omvising på avdelingane i Sauda før skulestart, kan du møte opp måndag 18. august klokka 17:00–19:00 i Griegs gate 40. 

Læremiddel

Du får tilbod om å kjøpe datamaskin gjennom fylkeskommunen. Skulen anbefaler at du kjøper ei Windows-maskin. Dette då fylkeskommunen nyttar Microsoft365, som har meir funksjonalitet mot Windows enn mot Mac. Windows gir derfor mindre utfordringar i skulekvardagen enn anna utstyr.

Når det gjeld brukarstøtte, er det og slik at skulen har meir kompetanse på Windows-maskinar. Skal du nytte Mac må du derfor ha så pass god kompetanse at du kan løyse utfordringar som oppstår sjølv.

Sjå meir på fylket sine informasjonssider om PC ordninga, og skulen sine anbefalingar.

Merk at du ikkje kan nytte Mac dersom du skal gå på elektro- og datateknologi eller teknologi- og industrifag.

Skal du gå i innføringsklasse treng ikkje kjøpe datamaskin. Då får du låne PC av skulen.

Fagbøker får du låne ved skulen sitt bibliotek. Merk at du vil vere økonomisk ansvarleg for bøkene du får låne, sjå reglementet for lån av lærebøker for meir informasjon.

Lån og stipend

For å få lån/stipend må du søke om det elektronisk, sjå www.lanekassen.no.

Hybel

Skulen kan tilby informasjon om hyblar til leige i Sauda. Du kan kontakte skulen, eller sjå skulen si oversikt over hyblar for elevar

Det ligg mange leigebustader tilgjengeleg på facebookgruppene “Utleie Sauda”  og «Ønskes solgt, kjøpes, gis bort SAUDA SAND SULDAL omegn». I lokalavisa Ryfylke kan du og annonsera eller finne hybelannonsar. 

Ta gjerne turen innom for ein prat i opningstida. Hovudskulen vil vere open på dagtid, med unntak av dei tre siste vekene i juli, veke 28, 29 og 30. Sentralbordet er stengt i same tidsrom.

Skulen si heimeside

Du finn alltid oppdatert informasjon på heimesida vår. Me oppmodar elevar og føresette til å nytte denne aktivt i perioden fram mot skulestart og i skulestartperioden. Her finn du informasjon om mellom anna fagtilbod, skulerute, pc-ordning, skyssordning, læremiddel, personalinformasjon og anna aktuell informasjon.

Brukarkonto

Når det nærmar seg skulestart vil du få tilsendt ein SMS med informasjon om å aktivere brukaren din i fylket sine system. Etter å ha fått SMS må du sjølv gå inn på fylket si side om M365-konto og følge instruksane der for å aktivere den. Det bør du gjere før skulestart, slik at alt er klart når du startar.

Hugs å lese gjennom reglene for bruk av IT og reglene for lån av lærebøker

Etter det får du tilgang til o365.rogfk.no. Der finn du kontorprogramvare og skylagring og kan laste ned og installere Office. Du bør både sette opp skylagringa (OneDrive) og installere Office-programma på maskina di før skulestart.

Etter 19. august kan du og logge deg på Visma der du får ei oversikt over informasjonen me har om deg, inkludert karakterer og fråvær. Før den datoen vil du og kunne logge deg inn, men då får du kun begrensa tilgang.

Informasjon for spesifikke utdanningstilbod

Nokre utdanningstilbod har meir informasjon til deg som ny elev. Dersom du skal byrje på eit av utdanningsprogramma under, bør du passe på å lese den.

Fleire spørsmål?

Dersom du har fleire spørsmål må du ikkje vere redd for å kontakte skulen. Lurer du på noko angåande brukarkonto, nettverk, datamaskin eller liknande, kan du sende ein epost til IT.

Me ønsker deg velkommen som elev ved Sauda vidaregåande skule.