Velkommen som ny elev

Du har fått tilbod om skuleplass ved Sauda vidaregåande skule for skuleåret 2023/2024. Me håpar du vil ta i mot plassen hjå oss slik at me kan ønske deg velkommen som elev til eit lærerikt og kjekt skuleår.

Ta imot plassen

For å ta imot plassen må du:

  1. Svare elektronisk på søkesida Vigo. Hugs svarfrist.
  2. Møte opp på skulen første skuledag, onsdag 16. august klokka 08:10. Dei som skal gå på skulen sine avdelingar i Sauda møter på skulen sin avdeling på Lofthus,  Griegsgate 40.

Dei som skal gå på ToppVolley Norge møter på skulen si avdeling på Sand til same tid.

Merk at dette ikkje gjeld elevar som byrjar på Vg4 Påbygg. Informasjon om oppmøte der finn du lenger nede på sida. Læringar som skal gå på 19 vekers kurset for yrkessjåførar vil også få eigen informasjon.

OBS: Inntaksforskrifta krev at elevar må møte på skulen første skuledag av skuleåret. Dei som utan godkjend grunn ikkje møter opp første skuledag, mister skuleplassen. Ved sjukdom pliktar eleven å melde frå til skulen snarast mogleg og seinast innan oppmøtetidspunktet den første skuledagen. Forholdet må dokumenterast med legemelding.

Ved skulestart/informasjonsmøte

Dersom du ønsker ei omvising på avdelingane i Sauda før skulestart, kan du møte opp tysdag 15. august klokka 17:00 - 19:00 i Griegsgate 40. Du har fleire måtar å komme deg til Sauda og Sand på.

Læremiddel

Du får tilbod om å kjøpe datamaskin gjennom fylkeskommunen. Sjå fylket sine sider om det, og skulen sine anbefalingar. Merk at elevar på elektro- og datateknologi  og teknologi- og industrifag ikkje kan nytte Mac, og at enkelte andre studieretningar og anbefalar bruk av Windows.

Fagbøker får du låne ved skulen sitt bibliotek. Merk at du vil vere økonomisk ansvarleg for bøkene du får låne, sjå reglementet for lån av lærebøker for meir informasjon.

Lån og stipend

Lån/stipend må søkast elektronisk, sjå www.lanekassen.no.

Hybel

Skulen kan tilby informasjon om hyblar til leige i Sauda. Du kan kontakte skulen, eller sjå skulen si oversikt over hyblar for elevar. Der ligg det mellom anna informasjon om Campus Sauda, liste over private utleigarar og informasjon om kva skulen meiner er viktige ting å sjå etter når du skal velje privat hybel.

I lokalavisa Ryfylke kan du og annonsera eller finne hybelannonsar. Det ligg mange leigebustader tilgjengeleg på facebookgruppa «Ønskes solgt, kjøpes, gis bort SAUDA SAND SULDAL omegn»

Ta gjerne turen innom for ein prat i opningstida. Hovudskulen vil vere open på dagtid, med unntak av dei tre siste vekene i juli, veke 28, 29 og 30. Sentralbordet er stengt i same tidsrom.

Skulen si heimeside

Du finn alltid oppdatert informasjon på heimesida vår. Me oppmodar elevar og føresette til å nytte denne aktivt i perioden fram mot skulestart og i skulestartperioden. Her finn du informasjon om mellom anna fagtilbod, skulerute, pc-ordning, skyssordning, læremiddel, personalinformasjon og anna aktuell informasjon.

Brukarkonto

Når det nærmar seg skulestart vil du få tilsendt ein SMS med informasjon om korleis du opprettar ein brukar på skulen sine system. Det inkluderer å godkjenne reglene for bruk av IT og reglene for lån av lærebøker.

Når du har gjennomført prosedyren som er beskrive der, kan du logge deg på It’s Learning på adressa itslearning.rogfk.no. Du får og tilgang til o365.rogfk.no, der du finn til kontorprogramvare og skylagring og kan laste ned og installere Office.

Etter 15. august kan du og logge deg på Visma der du får ei oversikt over informasjonen me har om deg, inkludert karakterer og fråvær.

Informasjon for spesifikke utdanningstilbod

Nokre utdanningstilbod har meir informasjon til deg som ny elev. Dersom du skal byrje på eit av utdanningsprogramma under, bør du passe på å lese den.

Me ønsker deg velkommen som elev ved Sauda vidaregåande skule.